by Firdaposten
I denne podkasten serverer Karen kaffi & kringle til spennande og handplukka gjestar. Men det er ikkje det einaste som blir servert. Her får du gode historier, og blir betre kjent med kjekke Florøfjes. Felles for dei er at dei er unge og lovande, og driv med noko som kanskje ikkje alle andre gjer.
Language

Publishing Since
2/14/2024
Email Addresses
1 available
Phone Numbers
0 available
December 31, 2024

I sesongens – og årets siste kaffi og kringleservering får Karen besøk av Martin Krakhellen i studio. Han har nyleg vore gjennom ein heftig periode som rekrutt i Kompani Lauritzen. I beste sendetid på TV2 har han vist sine sterke og svake sider.

Vi måtte sjølvsagt høyre meir om denne opplevinga. Kva var det som gjorde at han følte seg litt fastlåst i livet og melde seg på? Kor mange gongar gjennom opphaldet vurderte han å dimme – og korleis har livet endra seg i etterkant? Kva var det beste, og kva var det verste dei måtte gjennom? Martin fortel open og ærleg om korleis det var å vise ei meir sårbar side av seg sjølv på TV, og korleis han overvant høgdeskrekken på Bømoen.

Martin var heilt rå på tv-skjermen, og vi måtte snakke litt om tilbakemeldingane han har fått i ettertid. Kva blir det neste reality-prosjektet for Florømannen? Då vi spelte inn episoden nærma det seg jul, og vi måtte sjølvsagt prate om tradisjonane heime hos han.

I denne episoden blir vi betre kjent med ein svært reflektert Martin, og vi får blant anna høyre om kva planar han har for livet framover.

See omnystudio.com/listener for privacy information.

November 14, 2024

Ja. Kor skal ein starte med den nyaste gjesten som dukka opp i studio. Erlend Bøe er den einaste gjesten som har si eiga Wikipedia-side, Store Norske Leksikon-side og eigen kommunikasjonsrådgivar. Han sit på Stortinget, er Tromsø Høgre sin førstekandidat og helsepolitisk talsmann i Høgre. Ikkje berre-berre det han driv med, altså.

Vi måtte snakke litt om den politiske rakettkarrieren hans. Han fekk vere Bent Høie si høgre hand under Covid-19, ei av dei største krisene i Noreg sidan krigen. Han var tett på alt som skjedde, og med å ta avgjersla om å blant anna stenge ned landet. Vi fekk også snakka om kvifor var det helsepolitikk som blei Erlend si grei, og korleis ein vanleg dag på Stortinget ser ut. Det er vel drama der som i ei anna vanleg bedrift?

Det er ikkje ei overdriving at vi fekk snakka om mykje i denne episoden. Og ikkje berre nasjonal, internasjonal og lokalpolitikk. Vi fekk også bli litt kjent med Erlend når han ikkje er på jobb. Han gir oss blant anna innblikk i korleis det er å ete middag på slottet titt og ofte, kva han gjer når han koplar av, kva du bør tenkje på ved booking av hotellrom i London, korleis det var å ha eit kamerateam frå NRK hengane over skuldrane i 1,5 (og å ha dei med på guttevors), og kva for Florø-væring som burde gå for å bli ordførar.

See omnystudio.com/listener for privacy information.

November 4, 2024

På sjølvaste Halloween kom Lisa innom studio. Det vart lite knask og knep, men obligatorisk kaffi og kringleservering. Lisa er utdanna advokat, og har hittil i karrieren hatt mange spennande, utfordringane og givande jobbar. Som politiadvokat har ho blant anna jobba med seksuelle overgrep mot born på nett, og som pasientombod tok ho for seg utfordringane som dukkar opp når kommunikasjonen mellom helsevesenet og brukarane sviktar. Ho har også vore innom det private næringslivet, og vore fagleiar i Nor-Tekstil. No har ho vendt snuten tilbake til jussen, og alt dette måtte vi sjølvsagt snakke meir om. Karen lurar på kva ho har lært om seg sjølv i dei jobbane ho har hatt, og korleis ho står i dei tøffaste dagane på jobb.

I tillegg har Lisa ein fast funfact vi får høyre meir om. Vi får også snakka om korleis er det å bli assosiert som Mørkeheksa til Jomentum, kva ho gjer for å koble av og kva som er favoritturen. Blant anna!

See omnystudio.com/listener for privacy information.

Pod Engine is not affiliated with, endorsed by, or officially connected with any of the podcasts displayed on this platform. We operate independently as a podcast discovery and analytics service.
All podcast artwork, thumbnails, and content displayed on this page are the property of their respective owners and are protected by applicable copyright laws. This includes, but is not limited to, podcast cover art, episode artwork, show descriptions, episode titles, transcripts, audio snippets, and any other content originating from the podcast creators or their licensors.
We display this content under fair use principles and/or implied license for the purpose of podcast discovery, information, and commentary. We make no claim of ownership over any podcast content, artwork, or related materials shown on this platform. All trademarks, service marks, and trade names are the property of their respective owners.
While we strive to ensure all content usage is properly authorized, if you are a rights holder and believe your content is being used inappropriately or without proper authorization, please contact us immediately at [email protected] for prompt review and appropriate action, which may include content removal or proper attribution.
By accessing and using this platform, you acknowledge and agree to respect all applicable copyright laws and intellectual property rights of content owners. Any unauthorized reproduction, distribution, or commercial use of the content displayed on this platform is strictly prohibited.